Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Putetrekket

Tenkte eg skulle legge inn bilder av putetrekket for det får eg ikkje sendt i posten (det er ikkje sydd i glidelås, så eg får ikkje ut puta som er inni). Her har eg altså applikert figurar frå ei gamal gardin på dongerifirkantar frå eit gamalt skjørt og bukse. Sjølv om det tek litt tid er dette relativt enkelt, og så lenge ein er nøyaktig og bruker strykejernet mykje, kan det bli veldig fint. Eg tenker difor at dette er arbeid som kan passe veldig bra i skulen. Meir om dette i sketchbook. Her kjem litt bilete av putetrekket.

Når eg laga lappeteppet har eg ikkje brukt noko oppskrift, men brukt same framgangsmåte som på grytelappen. Eg var veldig nøgd med den og fann ut etter at den var ferdig at eg hadde lyst å lage eit teppe i same mønster. Eg har skjært ut dongerilappar i 12 cm x 12 cm. Det eg brukte var ei gamal dongeriskjorte som var ljos og ei dongeribukse som var mørk. Hjartene som er applikert på dei lyse lappane, teikna eg fyrst på matpapir som eg så overførte til papp, klyppte ut hjarte og brukte det som mal. Dei forskjellige hjartene er laga av eit gamalt dynetrekk, to forskjellige rosa toppar og ein raud topp.  Det var ein del arbeid å få applikert alle hjartene på, tok lang tid, men eg brukte ein spraylim som gjorde at det heile vart litt lettare. Når dette var gjort la eg ut lappane på bordet og eksprimenterte med korleis eg ville ha dei. Då eg hadde funne ut det, sydde eg remser som eg igjen sydde saman. Ramma er laga av det same dynetrekket, lange remser.

Bakgrunnen er laga av forskjellige dongerirestar. Den vart faktisk veldig fin. Sydde rette mot rette, fin-skar og sydde saman remsene. Som mellomlag har eg brukt kjøpt vatt. Eg har tenkt litt på kva som kan brukast dersom ein ikkje skal bruke noko kjøpt i det heile, og til dømes gamle fleecetepper el andre tepper kunne fungert som mellomlag. Eg har brukt mykje tid på dette teppet, brukt strykejernet aktivt og det har nok betalt seg, for lappane osv passar nøyaktig saman. Eg har aldri laga noko liknande før, så alt i alt er eg veldig fornøygd! Kanskje eg har fått meg ein ny hobby?

No er eg endeleg ferdig med mitt endelege produkt, nemleg eit lappeteppe. Det er laga med utgangspunkt i same teknikk og mønster som grytelappen i forrige innlegg. På vegen hit har eg laga to forskjellige gryteklutar med ulikt mønster, eit putetrekk, to lappetepper (der riktignok det eine ikkje eg fullført) pluss eit par prøvelappar med ulike applikasjonar osv. Eg er veldig nøgd med det ferdige produktet og eg føler eg har lært mykje. Eg slenger med eit par bilete, men det ferdige teppet får eg ikkje lagt inn bilde av før i morgon.

Grytelapp

Eg har laga ein grytelapp som eg vart veldig nøgd med. Den består av to forskjellige dongeribukser, ei ljos og ei mørk. Hjartene er laga av ein gamal shorts og eit gamalt utvaska dynetrekk. Baksida består også av dynetrekket og inni har eg eit lag med vatt. Hanken er av same matrialet som dei ljose firkantane. Eg har i grunn nytta same framgangsmåte som med lappeteppet. Fyrst applikerte eg på hjartene, så sydde eg remser , som eg igjen sydde samen.  Matta som ein kan skimte på bilete nr 3 er genial! Ved å nytte den og ein rullekniv er det lett å skjære beint, noko som er veldig viktig for at ein skal få eit nøyaktig og fint resultat.

Bilete

Her kjem endeleg litt bilete.  Dette var det fyrste lappeteppet eg byrja på. Det består av to dongeribukser og to forskjellige gardiner. Eg skar ut firkantar på 20cm x 30cm som eg sydde sammen rette mot rette til remser. Så sydde eg saman remsene til eit stort teppe. Men, som sagt syntes eg dette var litt kjedeleg. Eg har sydd på ei ramme av remser av jeans, men ikkje fullført baksida. Eg ville «spare» vatten eg hadde kjøpt, då eg skjønte at eg ikkje kom til å ha dette som mitt hovudprodukt.

Det som kjem til å bli mitt «hovudprodukt» er eit lappeteppe, men ikkje det eg har skrive om før. Eg har nemlig begynnt på eit nytt. Eg har skore ut firkantar på 12 x 12 cm, i forskjellige lyse og mørke fargar. På dei lyse firkantane har eg applikert raude og rosa hjerter som eg har klypt ut frå diverste toppar, sengetøy og liknande. Eg fann mykje reklamasjonar osv på jobb som skulle kastast som var supre til dette formålet. Eg har ikkje brukt noko oppskrift på dette teppet, men brukt same teknikk og mønster som eg brukte på putetrekket. Bilete kjem!

Eg er visst ikkje så flink å oppdatere bloggen som eg kanskje burde. No har eg nemlig lagt lappeteppet litt vekk for eg syns fargane og det heile vart litt kjedeleg. Eg har forsatt same utgangspunkt, altså lappeteknikk og gamle jeans, men eg har laga litt andre småting. Blant anna  gryteklutar og putetrekk. Hovudmatrialet er som sagt jeans, men mamma fann ein drøss med gamle gardiner som eg også har brukt. Ei av gardinene har eg hatt på rommet mitt heime når eg var liten, den hadde kvit bakgrunn med forskjellig frukt, blomstar og diverse på (litt trist å klyppe i/øydelegge dei!). Desse figurane var supre å klyppa ut for så å applikera på dongerimatrialet. Dette var veldig bra!

forts. lappeteppe

No har eg sydd ei ramme rundt sjølve teppet. Eg fann ei grei oppskrift på korleis sy ramme i ei av bøkene som eg har nytta. Ramma laga eg av gamle dongeribukser. Ei gamal gardin som også går igjen i teppet skal bli baksida.

Eg har kome godt i gang med lappeteppeprosjektet. På biblioteket lånte eg mange bøker om emnet (det fanst overranskande mange!), så der fekk eg mange gode idear og tips. Eg var også innom Fretex og kjøpte to par gamle gardiner som eg også har nytta. Eg har prøvd ut ulike størrelsar på lappane, ulike mønster og ulike kvaitetar på stoff.  Å sy lappeteppe er ikkje fullt så enkelt som eg trudde, ein må vera veldig nøyaktig og ting tar tid, men det er veldig kjekt! Eg har eit par bilete, men dei ligg heime på kameraet til mamma. Skal prøve å få lagt dei ut snarast.

100210

Etter å ha jobba 6 år i klesbutikk er klesskapet mitt rimelig fullt av mange bukser eg ikkje bruker, eller har brukt på lenge. Desse tenkte eg å gje nytt liv i form av eit lappeteppe (eller noko anna laga av lappar). Eg har vore heim til foreldrene mine å henta mamma si symaskin, men eg er nok nødt å gå til innkjøp av ei skikkelig saks for dei eg hadde liggande var så godt som  ikkje brukande til å klyppe i stoff med.